tirsdag 31. januar 2012

Fana fjorårstreff

Torsdagsmorgen tok eg båten til Bergen. Dette var ikkje noko vanleg helgatur for endeleg var det på tide med fjorårstreff på Fana fhs ! :D
Ting på skulen skjedde ikkje før lørdag så torsdag og fredag chilla eg med systa og bolla. Og Anine kom og torsdag og var med oss til laurdagen.
Meeeen drikking måtte til, og det skjedde. Litt vel heavy kan vi sei. Eg hadde det ivertfall utruleg kjekt , og eg fekk meg nokre kompisar og! Siiiidan køen inn til jentedoen var så lang og eg heller stakk innom guttedoen. Høhø! Fekk nokre WTF blikk men praten var der ivertfall.

Møtte og seff mine fanafolk som og var ute og gjekk og humøret og drikkinga satt godt i lufta!



Fredag møtte eg enda fleire fanafolk på kvelden og igjen var det ein litan tur ut. Det og var ein vellykka kveld kan man sei;)

Laurdagen så var det på tide og ta turen til skulen . Aaaah, fekk skikkeleg flashbacks og "heime" kjensla liksom.  Det føltes heller ut som om det var dei nye elevane som var på besøk og ikkje oss "gamle".  Igjen var det å helse på alle dei gamle. 

Dei nye elevane hadde forresten laga til eit opplegg for oss "gamle". Lagde til sånn flyplass opplegg og at vi skulle gå på kvar post og fekk sett forskjellige filmar og sånt som dei hadde laga.
Og som vanleg på flyplassa så blir jo savna personar ropt opp. Og dei nye ropte opp dei "gamle" sine namn også måtte dei fylle ut skjema.
Så vart eg ropt opp.......

Jadda jodda her gjekk eg og berre " hei jaaa, E eg so e Erlinda. " så måtte eg fylle ut noke skjema med navn, kas kjønn eg var, koffor eg kom og kva romnr mitt var. 
Då eg var ferdig å fylle det ut sa jenta : " Og ja forresten , eg har noko til deg".


Ein lapp. 
Ein sann lapp som ein skal henge rundt halsen. 
Der sto: "FREE HUGS. 10 SEK". 
Og jaaaa, eg klikka! Og det gjorde alle dei andre og som eeeendeleg kunne klemme meg og eg ikkje kunne gjere noko med det. Alle snudde seg og skjønte ingenting og då dei såg lappen så kom dei og og holdt rundt meg.
Det var ein artig spøk ja. Ho eine som gjekk ifjor med meg er no miljøarbeidar på skulen i år og ho tenkte at dette ville vere ein artig spøk for meg. Må sei, det vakje noke fail det der ;)



På kvelden var det å chille med resten av folka, pengane mine tok slutt så det vart ikkje noke tur ut. Og det var like grett.


Søndag tok eg og lisjebolla båten heim att. Eg hadde håpt ho kom til å sove litt på båten men neida, her var masse ho skulle utforske og leike med på båten så det var ikkje noke sjans at ho kom til å sovne. Men det gjekk fint.

Eg har kost meg masse og savner det allerede. 




0 kommentarer:

Legg inn en kommentar